Svar på kritikk fra Sp om Venstres distriksprofil

Dette er et tilsvar til angrepet på Venstre i Fjordenes Tidende 20. november fra Erling Sande: Erling er ikkje imponert: – Dette er ein form for distriktspsykopati - fjt.no (bak betalingsmur).

Elementer her kan sikkert være nyttig også for andre. 

Vrøvl om Venstre frå Sp-Sande

av Alfred Bjørlo, stortingsrepresentant frå Venstre

Distriktsnæringslivet er i opprør mot tidenes mest næringsfiendtlege regjering, som dyngar stadig høgare skattar på lokalt eigde bedrifter. Folk flest, spesielt barnefamiliar, slit med høg lånerente og auka prisar. Kinn, Stad og dei fleste andre kommuner riv seg i håret over eviglange kuttlister på grunn av trongare kommuneøkonomi enn nokon gong, mellom anna fordi Senterpartiet har fått gjennomslag for å straffe distriktskommunar som har slått seg saman økonomisk. Fylkesesvegnettet forfell, og sjølv gryteklare fylkesvegprosjekt som utbetring av Fv620 på Stadlandet blir ikkje gjennomført. 

Kommunalminister Erling Sande frå Senterpartiet, som er ansvarleg for dette, brukar utruleg nok si tid på eit desperat angrep på Venstre i Fjordenes Tidende 21/11, i staden for å prøve å rydde opp i rotet han sjølv har stelt i stand. 

Statsbudsjett-forslaget Venstre har lagt fram og som Erling Sande kritiserer, er både folkevenleg, næringslivsvenleg og distriktsvenleg. Vi kuttar skattane og reduserer matprisane (2,3 milliardar i lågare matmoms) for vanlege folk med vanlege løner, og aukar barnetrygda for familiar med dårleg råd. Vi reduserer skattebyrden for det lokalt eigde distriktsnæringslivet med milliardbeløp, slik at distriktsbedriftene i staden for å sende pengane sine inn til Trygve Slagsvold Vedum si overfylte skattekiste i Oslo, kan bruke pengane på verdiskaping lokalt. 

Venstre foreslår 1,5 milliardar kroner ekstra til fylkesvegane, for å få fart på viktige utbetringsprosjekt som Fv620 på Stadlandet, Kystvegen Florø-Måløy og utbetring av vegnettet elles. Det betyr svært mykje meir for tryggleiken og framkomelegheiten for folk og næringsliv enn symbolske kutt i ferjeprisar samtidig som vegnettet mellom ferjene forfell. 

Det folk og næringsliv over heile landet no mest av alt treng, er å få Senterpartiet, Arbeidarpartiet og deira manisk næringslivsfiendtlege støtteparti Sosialistisk Venstreparti ut av regjeringskontora. Venstre går til val på ein politikk som reelt styrker folk og næringsliv over heile landet – ikkje med symbolpolitikk, men med politikk som monnar.  

Fram til det bør Erling Sande konsentrere seg om å styre landet, ikkje sende ut pressemeldingar med lettvinte angrep på Venstre som fell på si eiga urimelegheit. Det er ikkje rart veljarane i Sogn og Fjordane og andre stader rømmer frå Senterpartiet i eit tempo som skaper kø i døra.