Privatøkonomi
med Venstres
statsbudsjett

Privatøkonomi med Venstres statsbudsjett

Det er vanskelige tider for mange familier, enslige og studenter. Prisveksten er fremdeles for høy og renten enda høyere. Regjeringens statsbudsjett bidrar til å drive opp farten i norsk økonomi som gjør at rentekutt kan bli utsatt. 

I Venstres alternative budsjett bruker vi om lag 14 milliarder kroner mindre inn i norsk økonomi samtidig som vi prioriterer en rekke tiltak for å hjelpe folks privatøkonomi:

I sum er dette en bedre og mer målrettet bruk av fellesskapets skatteinntekter for å hjelpe der det trengs mest. 

Sveinung Rotevatn, Venstres finanspolitiske talsmann: 

Ja, Venstre føresler å avvikle straumstøtteordninga. Det gjer vi fordi ordninga har dårleg sosial fordelingseffekt (jo rikare du er, jo meir før du ut av ordninga), og den gir lite eller ingen vinst til dei som faktisk sparar på straumen. I staden føresler vi å senke skattane med 5,6 milliardar, særleg mykje til dei som har ei inntekt mellom 300.000 og 800.000 kroner. Straumstøtta er til samanlikning rekna å koste 4,8 milliardar neste år. Folk vil altså sitje igjen med _meir_ i lommeboka med vårt opplegg, enn med regjeringa sitt forslag. 

Vi er heldigvis no ein situasjon der straumprisane i snitt er meir eller mindre normalisert. Det gjer også at straumstøtteutbetalingane er langt mindre. For denne månaden er anslaget at ei gjennomsnittshushaldning vil få 60 kroner i straumstøtte. Med vårt skatteforslag vil i staden ei hushaldning med samla inntekt rundt ein million få 6000 kroner i skattelette. 

I tillegg styrkar vi dei økonomiske rammevilkåra for dei gruppene som av ulike grunnar har sårbar privatøkonomi: Vi aukar minstepensjonane, styrkar studentøkonomien, og gjennomfører ei kraftig styrking av barnetrygda - særleg for einslege forsørgarar.